onsdag 3. september 2014

Gjer ein forskjell - Folk forandrar verda


Sju år med handelsblokade, 47 år med okkupasjon – ein månad med krig. Fleire tusen sivile drepne. Skular, sjukehus. FN-bygningar, raserte – sprengde i lufta. Undertrykking, tortur og avretting. Brot på internasjonal lov – brot på menneskjeverde. Kvardagen til det palestinske folk er ei samling av mykje, men verdig er den ikkje. 

Sidan 1967 har Israel okkupert delar av Palestina, ja, faktisk stole land. I 47 år har Israel hatt som sin politikk å fordrive menneskje frå hus og heim, berre for å stele til seg nokre kvadratkilometer til med land. I nesten to generasjonar har palestinarane måtte leve med, eller det vil seie utan, den fridomen me alle tek forgitt, men absolutt har krav på. Men kva gjer verdssamfunnet? Dei ser på.

"Debatten handlar ikkje om støtte til ein
Israelsk stat, jødar eller Haman. Debatten
handlar om menneskjeverde"
Debatten kring konflikten i midt-austen er vanskeleg å ta. Ikkje fordi den eigentleg er særleg innfløkt, men fordi at faktoren Israel er inkludert. Fordi det er vanskeleg å vera kritisk til den israelske politikken og krigføringa utan å få hive etter seg at ein er antisemitisk eller jødehatar som det oftare vert slengt etter oss at me er, noko som tek debatten fullstendig vekk frå det den eigentleg handlar om. Debatten handlar ikkje om støtte til ein Israelsk stat, jødar eller Hamas. Debatten handlar om menneskjeverde. Om ein ide at alle menneskje er av lik verdi og har krav på same fridom. Fridomen til å kunne røra fritt på seg. Fridomen til å kunne leve sine liv, med verdi.

Me fordømmer eit kvart tapt liv i krig og valdshandlingar. Me fordømmer ein kvar krenking av internasjonale lovar og reglar. Men når forholda vert så skeive som dei faktisk er, når ein drepen i Israel tilsvara 600 sivile palestinarar så er det ikkje greitt. Då er det ikkje likeverd eller forsvar – då er det massakre og terror. Når krigføringa ikkje handlar om forsvar, men om ran, så kan ikkje det internasjonale samfunnet teie. Når det internasjonale domstolen i Haag for ti år sidan har dømd at den israelske okkupasjonen av Palestina er ulovleg, kan ikkje verda tillate at der ikkje er endring.

Med Apartheidregimet i Sør-Afrika fram til 1994 hadde me nasjonale og internasjonale sanksjonar på varar som til dømes druer frå dei apartheidstyrte områda fram til sørafrikanarane hadde fått sin fridom. Då klarte me oss utan problem i nokre år utan gode druer, fordi det handla om menneskjeverd. Men når det handlar om Israel, med deira støtte frå USA kan ein ikkje lenger ta eit standpunkt. Då må solidariteten vike frå, for elles tråkkar ein nokon mektige nokon på tærne.

Me let aldri solidariteten vike frå, me står aldri og ser på undertrykking og nedverdigande forhold. Me lat ikkje drap av uskuldige sivile gå stille forbi – difor tek me standpunkt. Difor krev me at Israel skal oppheve blokade og okkupasjon. Difor krev me at krigføringa stoppast umiddelbart og at palestinarane og får den fridomen og menneskjeverden dei har krav på. Me krev at den Palestinske stat vert anerkjend i FN sitt tryggingsråd og av verda, med delinga frå 1967. Me tek eit standpunkt for å syne verda og Israel at det som skjer ikkje er greitt, og det oppmodar me deg og til å gjera! Gjer ein forskjell, folk forandrar verda!

Norsk Folkehjelp Askøy
John-Helge Myntevik

Nestleiar

På trykk i Askøyværingen 02.09.2014 på vegne av Norsk Folkehjelp Askøy

tirsdag 3. juni 2014

05.juni - Verdas miljødag!

Torsdag 05.juni er det verdas miljødag. Ein dag som vart stifta allereie i 1972 for å bidra til auka medvit kring miljøspørsmåla. Det ingen hemmelegheit at klimaendringane er menneskjeskapa. Det positive og det negative når noko er menneskjeskapa er at me kan redusera skaden, men det krev at politikarane og innbyggjarane tek ein tydeleg standpunkt.

I det politiske landskap har me parti som arbeidar veldig aktivt for ei betre miljøpolitikk, men der sit og politikarar og parti som ikkje ein gong anerkjenner at klimaendringane er menneskjeskapa. For SV sin del handlar mykje av miljøpolitikken om haldningsarbeid på grasrotnivå. Det handlar om kunnskapsformidling, det handlar om å gjera det ein sjølv kan for å betre miljøet.

SV ønskjer å satsa på kollektivtransport framfor nye store vegprosjekt. For oss er det viktig at dei vegane som innbyggjarane skal transportera seg på er trygge, men me ønskjer heller å ha vegar med gul midtstripe og heller satsa dei store pengane på tryggleik og kollektivtransport. SV ynskjer hyppigare bussavgangar i distrikta, me ynskjer meir hurtigbåt til byen og større satsing på tog.

SV ynskjer å dobla den statlege finansieringa til lokal kollektivtransport. Me ser nødvendigheita med eit større tilbod i distrikta dersom dei som bur skal nytta buss eller bybane. Lokalt ynskjer SV og å arbeida med hurtigbåtforbinding med Sotra og, for å danna ei slags «ringbåt».

Når ein ser dei utfordringane det er med Askøy brua i «rush-timane» i dag, er det liten tvil om kva som er løysinga. Løysinga må vera betre kollektivsatsing, slik at folk får eit reelt tilbod om å lat bilen stå. Me må satsa meir på båt over fjorden, meir på buss over brua og meir kollektiv på Askøy.

SV ønskjer å dra fokuset frå olje- og gass over på grøn energi – på grøne arbeidsplassar. I det tempoet som ein pumpar opp olje i dag, vil den maksimale grensa vera nådd om få år. Den maksimale grensa før klimaendringane ikkje er eit problem, men realitet. Ein realitet me ikkje får endra attende frå. Me må ta eit val før det er for seint – og det er no.

Torsdag 05.juni skal Askøy SV saman med SU ha markering av verdas miljødag på Kleppestø kaien. Då er du hjarteleg velkomen til å kome innom å ta ein prat, stille spørsmål og ta del i aksjonen vår.
05.juni er ein dag for å ta eit standpunkt – vårt er klart. Me har ei klode, den må me ta vare på!

John-Helge Myntevik

Askøy SV

torsdag 3. april 2014

Forlet oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn - gjer ein eigentleg det?

Heisann du! Ja, du. Du som ikkje kan ta ansvar for dine fordommar. Dei fordommane som du har, du står for og skuldar på nokon andre.
Du som legitimerer fordommane dine, fordi dei er skrive ein plass og tolka av nokon andre. Du som meiner det er greitt å diskriminera og å trakassera menneskjer fordi du har ei bok eller ei gruppe bak deg, med deg. Men det er jo greitt då, fordi du har andre meiningsfellar som meiner akkurat det same. Fordi andre menneskjer har gjort og sagt det same før deg – og andre kjem til å gjera det etterpå.
Kjelde
Så då er det heilt greitt at du sit på din høge hest og peikar med din moralske peikefinger som om du aldri har brote nokon moral. Du som meiner du er i din fulle rett til og meine – og avgjera korleis andre skal leva sitt, tenkje sine tankar og kjenne sine kjensler. Du som er betre enn alle andre, fordi du har meiningsfeller som seier akkurat det same – og igjen, ei bok der det er nedskrive.


Det må jo vera veldig greitt. Greitt å kunne å skulde på nokon andre, eller noko anna. Det må jo vera greitt å kunne gøyme seg bak «Gud sine nedskrivne ord» for å legitimera dine fordommar. Kunne seie at du kan skilja mellom rett og gale – fordi det står i din heillage bok. Om det er Bibelen, Koranen, i Tanàkh eller i dei heillage skriftene, spelar ingen rolle, for alle har jo rett. Rett til å peike med ei moralsk peikefinger å sei at det er gale, det er blasfemi og det er drap. Det må vera så utruleg godt å kunne fråskriva seg eit kvart ansvar fordi det berre er sånn, fordi det står skrive sånn og fordi dei som forkynner har forkynt det slik. Det speler liksom ingen rolle, fordi det er jo sanninga. Men lat meg stilla deg eit spørsmål – om det stod nedskrive at ein skulle ofra alle som til dømes tok abort, ville det då vera legitimt? Om det stod nedskrive at alle som ikkje fullførte utdanninga si skulle verta utstøtt og gjerne vore uthengd i det offentlege rom. Om det stod nedskrive at kvinna skulle ha makt og mannen skulle tilbe henne som overhovud og rollane var fullstendig snudd på hovudet – ville dette då vore måten ein hadde levd på? Og om nokon i dag, i 2014 hadde omsett til dømes Bibelen på nytt og tolka det slik at det ein før har tolka det heilt feil – ville du då følgt den nye tolkinga? Neppe. Fordi du allereie har desse meiningane og haldningane. Fordi «den heillage skrift» berre er noko du skulder på, fordi det er så mykje lettare enn å ta skulda for det du meiner sjølv. Fordommar heiter det, og du er full av dei.


Er du ikkje det seier du?
I mange år har debatten om homofiles rettar vore i fokus. Debatten har vore gåande i mange, mange år. Den har gått i alt frå om det skal vera straffbart å "praktisera" si seksuelle legning. Om homofile skal få gifta seg - og om dei skal få adoptera born. Debatten har ei klar skillelinje og den går ofte mellom dei som ikkje ser ei forskjell og dei som skuldar på Gud. No tek eg ikkje alle under ein kam her, eller meinar at det å tru er noko gale. Det eg meinar er at det å skulde på si Gud eller sine heillage skriftar for å legitimera fordomar er så uakseptabelt som det er mogleg. Eg er ikkje nokon unntak. Eg har fordomar sjølv, slik som alle andre, og eg har ingen problem med å ta ansvar for dei, meina dei eller snakka om dei. Forskjellene er mange. Til dømes nyttar eg ei kvar moglegheit til å kjempa mot dei - for å betra dei - for å fjerna dei. Kvar gong eg snakkar om mine fordommar må eg ta fullstendig ansvar for dei, og kvifor det? Jo, fordi det er mine haldningar og meininger. Eg har ingen eg kan skulda på - ingen skriftar eg kan "lena" meg til, eg har berre meg sjølv å takak og meg sjølv å stilla til ansvar. 

Det er ingenting som er meir irriterande enn å diskutera desse fordommane mot slike som skuldar dei på religion. Fordi dei nektar å ta skuld for det dei meiner og fordi dei henviser til nokon eller noko det er litt over middels vanskeleg å diskutera med. Om eg er i ei diskusjon med deg, så er det litt vanskeleg å plutseleg skulle måtte diskutera med Gud og ikkje deg. Det er litt vanskeleg å måtte diskutera med nokon som ikkje fysisk er til stades. Og kvifor er det eigentleg slik at andre religiøse kan synast det stikk motsette enn deg og fortsett vera religiøse? Jo, fordi ein tolkar skriftar, utsegn, historiar utifrå sine eigne tankar, kjensler, verdiar og haldningar. Fordi det er ikkje skriftane som styrer haldningane, nei, det er nok haldningane som styrer tolkingane. 

Det er på tide å ta ansvar for sine eigne haldningar og fordommar. Du må gjerne meine det du meiner, men då får du ta ansvar for det sjølv og. Og ein ting til - om du diskuterar dine FORDOMMAR med nokon, så får du finne andre argument enn Gud, det står i Bibelen eller du har missforstått.


"Cry me a river, build me a bridge and get over it" - sitat frå filmen under.
"Kids react to gay marriage" - sjå den. 

torsdag 2. januar 2014

Abort - kvinnen eller legen si rett?

Biletet er henta frå dagbladet.no
Sidan 1913 har kampen for sjølvbestemt abort vore i gong i Norge. Altså i over hundre år(!) har kvinner si rett til å bestemma over eiga kropp for sette på dagsorden og kampen varte i 65 år før Stortinget med ei røyst vedtok retten til sjølvbestemt abort. Ei røyst var det som avgjorde at det som skulle vera ei sjølvsagtheit vart realiteten. Før «abortlova» frå 1978 vart vedteke, har kampen vore hard og tidvis brutal. Ein kamp som har sett ut til å vera vunnet etter at det har vore eit markant fleirtal på Stortinget for sjølvbestemt abort dei siste åra. 

Det som skjer er at den 9 september i fjor fekk dei borgarlege fleirtal i Norge. Forhandlingar starta og partia selde sjelene sine for å sine viktigaste ting gjennom. FRP fekk lukka asylmottak, Venstre fekk verna havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja og Høgre fekk det meste gjennom. Men ein ting måtte Høgre og verkeleg gje opp. Ei sak var dei andre samarbeidspartia villig til å ha på samvita si, og det var å frata kvinna retten til å bestemma over seg sjølv. Ei sak skulle velta kvinnekampen nesten 40 år attende i tida. Ei sak var så viktig for KRF og så uviktig for dei andre partia, og det var denne. Den nye regjeringa var ikkje starta ein gong før ein starta å bryta med menneskjerettane. Er dette sånn me vil ha det i Norge?
Abortkampen har som tidlegare skrive vart lenge. I 1913 vart det skrive om, i 1959 kom den fyrste abortlova som eigentleg ikkje sa nokon ting, på 70 talet samla kvinnerørsla seg med abort som kampsak, for då kvinnerørsla på 70-talet hadde landsomfattande aksjonar for sjølvbestemt abort, starta motstandarane "Folkeaksjon mot selvbestemt abort", i 1972 vart sjølvbestemt abort nestemt i Stortinget med ei røyst og i 1978 vart lova endeleg vedteke. Sida har den lagt utan å verta røyrd. Ei av punkta når det gjeld menneskjerettane er «retten til å bestemma over eiga kropp». Dette ønskjer no Regjeringa Solberg å «drite i». Dei vel no å sei til alle kvinner i Norge at «sorry», men du er
ikkje viktig nok for oss. Så lenge du let oss styre, set du dine rettar i fare. Så lenge legene har det godt, så kan me leva med det.


For det er ikkje det at ikkje legene skal kunne ha eigne meiningar eller tankar. Og at nokon med desse synspunkta ikkje jobbar med å utføra abortar på kvinneklinikkane, det skjønar eg. Men at dei på bakgrunn av «vrøvl» og manipulerte tankar skal kunne nekta å senda pasientar vidare for å få utført abort er reine Norgemeisterskapen i diskriminering. Som om ikkje det er ei stor nok påkjenning for kvinner som skal ta abort å faktisk ta det valet for så å gå til fastelegen sin, men no skal dei i tillegg risikera å berre verta sendt vidare til ein annan lege, for på nytt å diskutera og forklara? Og dette er vel berre starten på tukling med abortlov og likestilling. Snart tek ein vel fatt i «kjønnsnøytral ekteskapslov» og. Men det kan eg jo skjøna, for ein kan jo få indre blødingar og hjarteinfarkt berre av tanken på at homofile skal få gifta seg. Spesielt sidan nokon har funne opp at det står i ei bok at det er gale?!

Lat kvinner få si rett råderett over eiga kropp – gje kvinna moglegheit til å velja sjølv om ho ønskjer abort. Og styrk heller hjelpa til dei som slit psykisk etter å ha gått gjennom det.


Å bestemma over eiga kropp er ei menneskjerett – å verta lege er ikkje!

tirsdag 10. desember 2013

Den internasjonale menneskjerettsdagen

"På menneskrettighetsdagen ønsker FN å sette fokus på menneskers ulike rettigheter og belyse brudd på menneskerettighetene."

I dag er dagen!


I dag er den internasjonale menneskjerettsdagen! Dette er ein særs viktig og symbolsk dag. Den er symbolsk for på denne dag i 1948 vart menneskjerettserlæringa underteikna, men den er viktig fordi det kvar dag er menneskje som vert utsette for grove brot på sine rettar. Kvar dag, heile tida vert folk torturert, drepen, fengsla utan rettssak og meir. Dette skjer i dag, i 2013 og ikkje berre under Apartheid tida i Sør-Afrika eller under den spanske revolusjon, det skjer i dag. Dagen i dag er viktig å setja lys og fokus på, fordi det er ein dag for refleksjon og ettertanke. Det er ein dag for å vera solidarisk, men og for å vera takksam for dei rettane me har. 

For me har det bra


For me har det bra her heima, det er det ingen tvil om. Menneskjerettane står sterkt i dei norske verdiane og i den norke lova. Og ikkje minst står den sterkt i alle oss som bur her. Men, me tek den for gitt. Me gløymer litt at det er menneskjer som lev utan,- og at vegen frå den velferda me har her, til brot på mine og dine rettar, er særs kort. Difor har me ikkje lov å ta det for gitt. Difor har me ikkje lov å ikkje kjempa for dei. 22.07.2011 skjedde det utenkjelege her heima. Då ein mann åleina braut fleire av artiklane i FN (SN) sin menneskjerettseklæring. Men Norge syna betydninga av menneskjerettane, då ein hadde ei skikkeleg rettssak der den skuldige var behandla på akkuratt like god måte som alle andre. Der han hadde krav på rettstryggleiken sin, der han fekk prøvd saka si, der han var dømd etter norsk lov. Slik er det ikkje i alle land. 

Nei for det er ikkje slik

Nei, for det er ikkje slik over alt. Det er ikkje alle stader ein har dei rettane. "På menneskrettighetsdagen ønsker FN å sette fokus på menneskers ulike rettigheter og belyse brudd på menneskerettighetene.", sitat henta frå fn.no. I USA er det slik at du kan risikera å verta send til "Guatanamobasen", der menneskjerettane brytast kvar dag. Bur du i Irak og til dømes har sex utanom ekteskap og er kvinne, risikerar du å verta "steina" til daude. Om du bur i Russland og er homofil, og ikkje redd for å syna at du er glad i ei(n) av same kjøn, risikerar du å verta fengsla grunna det. Lista er lang, men noko av det mest akutte er jo alle dei menneskja som må rømma frå Syria grunna borgarkrigen. Ja, krig, det er jo stikk i strid med konvensjonen det. 

Folk lev i redsle

I Syria vert demonstrantane drepne av "Assad-regimet" kvar dag. Utan at eg skal flagga stønad til den eine eller andre sida der, men det bryt med alle FN (SN) sine konvensjonar. I Palestina risikerar du å verta vekka midt på natta for at Israel skal okkupera huset ditt. Og om du er palestinar skal det ikkje mykje til før du vert arrestert og dømd utan rettssak. Kvar dag lev desse menneskja i frykt, frykt me i Norge ikkje forstår finnast ein gong. 

Men likevel

Men likevel klagar me på alle som må koma å "trenga seg på" landet vårt, som skal øydeleggja kulturen, religion og tradisjonen vår. Likevel er me redd for at dei skal innføra Sharia-lovar og liknande, noko som mange eigentleg har rømd frå? Det er skummelt at me i Norge kan sitja på vår høge hest å dømma desse menneskja, me som aldri har oppleve verre enn at skulen er eitt helvette og NAV er noko drit. Dette er jo veldig sette på spissen og det er jo ein del nordmenn som har oppleve mykje og! Men det irriterar meg at me ikkje kan tenkja litt lengar fram enn berre nett på oss sjølve!

Gratulerar med menneskjerettsdagen alle saman, feir med måte ;-)

fredag 2. august 2013

Fridom

Fridomen din og min


For meg er fridom å vera trygg. For meg er fridom å kunne vera meg. For meg er fridom det som gjer at eg kan ha ambisjonar, og nå dei! 

Det å diskutera fridom er vanskeleg, fordi ein kvar person har si eiga definisjon og oppleving av omgrepet. Det er noko av våre mest grunnleggjande verdiar. Det som er fridom for meg, kan vera det stikk motsette for naboen min. 

Ein ting som er fridom for meg, er å kunne ferdast trygt i til dømes Bergen sentrum, utan å vera redd for å verta utsett for blind vald, tjuveri ol. Ei av dei tinga som kan gjera dette er meir synleg Politi og vektere, samt meir lys i gatar og smug. Men ein annan ting som kan ha ei preventiv effekt for at det skal skje meg noko, medan eg er ute å går, er overvakingskamera. Det å vite at det som skjer vert filma, gjer meg tryggare. Det gjer meg tryggare fordi då veit eg at det er færre som vil synast det er ein smart idè å gjera noko, fordi sjangsa for å verta straffa er mykje større. 

Ein annan ting som er fridom for meg, er det å vita at uansett kva for ei helsemessig stand eg kjem  i, har me ei velfungerande god velferdsordning i dette landet som gjer at om eg treng sjukehusopphald grunna lungebetennelse, har knukket ryggjen eller må operera ut ein svulst av tømes hjernen, er eg sikra desse tinga, uavhengig av lommeboka mi, fordi me har eitt godt offentleg velferdssystem. Om eg treng rehabilitering på ein sjukeheim, får eg det og. Eg treng ikkje uroa meg for kva som skjer med meg, i forhald til økonomien, fordi eg vil få desse tinga.

Noko som og er veldig viktig for at eg skal kjenna meg trygg, er at om eg nokon sinne vert så sjuk at eg ikkje kan arbeida, har me velferdsordningar som gjer at eg fortsett kan ha ei god livskvalitet sjølv om eg ikkje lengar kan gjera ein jobb. Det finns mange forskjellige stønader og trygdar som gjer at eg har ei forutsigbarheit om at eg kan ha ei god livskvalitet resten av livet mitt. 

For alt i alt er fridom for meg tryggleik. 

Stem på SV den 9.september for å sikra deg og dine tryggleik i vidare framtid. 

John-Helge Myntevik

torsdag 6. juni 2013

Ungdom + politikk = sant - kanskje?

I mange år har det vore viktig å fremja ungdomsengasjement. Men aldri har det vel vore så viktig, og så mykje snakka om som etter 22.7.11. Den dagen endra mykje seg for mange, det gjeld og unge som valde å engasjera seg i etterkant. Overalt, heile tida, alltid høyrar me vaksne som snakkar om kor viktig det er få unge til å engasjera seg, då spesielt kanskje i politikken. Men kva skjer eigentleg når unge engasjerer seg?!

I veldig mange tilfellar vert ungdomsengasjement teke i mot med opne armar og store smil, men det gjelder ikkje alltid og overalt. Når ungdomar er ute å snakkar og fremjar gode forslag, er det slik at alle "berre må" fortelja kor bra det er med sunn god ungdom, kor flinke dei er og kor mykje dei betyr for til dømes det norske demokratiet. Men for meg, verkar det som om det inntil ungdomen si røyst plutseleg får noko å seie, meir enn berre ord i avisa. Når ungdom kjem på den arenaen at deira meiningar og forslag faktisk skal takast på alvor, så verkar det som om mange ikkje lengar ønskjer å ha ungdomen der.

Det kan vera innad i ein organisasjon, det kan vera på Stortinget eller i fotballklubben. Når ungdomen plutseleg har ei stemme, som er teljande, då verkar det som om dei skal teiast i heil eller i hvertfall ikkje ha eigne meiningar og eiga ståstad. Det er fint at dei meinar noko, men "dei vaksne veit alltid best". Dei har jo tross alt vore med sidan Napoleon herska over Frankrike og kjenner alle rutiner, prosedyrar og veit korleis ting har vore sidan før oljefondet. For meg verkar det som om ungdomen skal vera dei vaksne sine fjes utad, dei som skal gjera "grasrot arbeidet", men aldri verta nemd. Det å vera ungdom og det å ha ansvar heng liksom ikkje heilt saman.

Når einskilde får for mykje makt og vil ha ting på si måte, då er gjerne det beste å teie ungdomen i heil. Ungdomen har jo som kjend så mykje meiningar om alt og ingenting, at er det nokon som faktisk tørr stå opp og seie mot om noko kan endrast på, så er det jo nettopp ungdomen. Dei som ser ting frå eitt nyare perspektiv, men har respekt for "dei gamle synspunkt". Det er ungdomen som kan koma med knakande gode idear, men er like gode på å følga dei ordrane dei får.

"Handling foran ord" syng Gabrielle i songa si, og den setninga er det mange som bør ta til seg og kjenne litt på. Det er på tide at ungdomen faktisk får sleppa til. Men for at det skal skje, må ungdomen stå samla. Ikkje tolerera at dei vaksne berre nikkar og smilar, men når det kjem til stykke, berre "skyv ungdomen sine meiningar under teppet". Det er på tide at ungdomen sjølv reisar seg og seier NEI til å verta overhøyrd, seier NEI til å verta bortgøymd og snakkar høgt om sine fantastiske og verdifulle synspunkt. Ungdomen sjølv må seie at nok er nok og ta sin plass i politikken og i organisasjonslivet elles.

Ungdom + politikk = sant - dette burde vore naturleg, det er det ikkje, men det må me få gjort noko med! Engasjer deg, ikkje lat deg sjølv verta tråkka på. Rett deg opp i ryggen og fortel dei vaksne at alle har ei stemme, den stemma har og ungdomen!