onsdag 3. september 2014

Gjer ein forskjell - Folk forandrar verda


Sju år med handelsblokade, 47 år med okkupasjon – ein månad med krig. Fleire tusen sivile drepne. Skular, sjukehus. FN-bygningar, raserte – sprengde i lufta. Undertrykking, tortur og avretting. Brot på internasjonal lov – brot på menneskjeverde. Kvardagen til det palestinske folk er ei samling av mykje, men verdig er den ikkje. 

Sidan 1967 har Israel okkupert delar av Palestina, ja, faktisk stole land. I 47 år har Israel hatt som sin politikk å fordrive menneskje frå hus og heim, berre for å stele til seg nokre kvadratkilometer til med land. I nesten to generasjonar har palestinarane måtte leve med, eller det vil seie utan, den fridomen me alle tek forgitt, men absolutt har krav på. Men kva gjer verdssamfunnet? Dei ser på.

"Debatten handlar ikkje om støtte til ein
Israelsk stat, jødar eller Haman. Debatten
handlar om menneskjeverde"
Debatten kring konflikten i midt-austen er vanskeleg å ta. Ikkje fordi den eigentleg er særleg innfløkt, men fordi at faktoren Israel er inkludert. Fordi det er vanskeleg å vera kritisk til den israelske politikken og krigføringa utan å få hive etter seg at ein er antisemitisk eller jødehatar som det oftare vert slengt etter oss at me er, noko som tek debatten fullstendig vekk frå det den eigentleg handlar om. Debatten handlar ikkje om støtte til ein Israelsk stat, jødar eller Hamas. Debatten handlar om menneskjeverde. Om ein ide at alle menneskje er av lik verdi og har krav på same fridom. Fridomen til å kunne røra fritt på seg. Fridomen til å kunne leve sine liv, med verdi.

Me fordømmer eit kvart tapt liv i krig og valdshandlingar. Me fordømmer ein kvar krenking av internasjonale lovar og reglar. Men når forholda vert så skeive som dei faktisk er, når ein drepen i Israel tilsvara 600 sivile palestinarar så er det ikkje greitt. Då er det ikkje likeverd eller forsvar – då er det massakre og terror. Når krigføringa ikkje handlar om forsvar, men om ran, så kan ikkje det internasjonale samfunnet teie. Når det internasjonale domstolen i Haag for ti år sidan har dømd at den israelske okkupasjonen av Palestina er ulovleg, kan ikkje verda tillate at der ikkje er endring.

Med Apartheidregimet i Sør-Afrika fram til 1994 hadde me nasjonale og internasjonale sanksjonar på varar som til dømes druer frå dei apartheidstyrte områda fram til sørafrikanarane hadde fått sin fridom. Då klarte me oss utan problem i nokre år utan gode druer, fordi det handla om menneskjeverd. Men når det handlar om Israel, med deira støtte frå USA kan ein ikkje lenger ta eit standpunkt. Då må solidariteten vike frå, for elles tråkkar ein nokon mektige nokon på tærne.

Me let aldri solidariteten vike frå, me står aldri og ser på undertrykking og nedverdigande forhold. Me lat ikkje drap av uskuldige sivile gå stille forbi – difor tek me standpunkt. Difor krev me at Israel skal oppheve blokade og okkupasjon. Difor krev me at krigføringa stoppast umiddelbart og at palestinarane og får den fridomen og menneskjeverden dei har krav på. Me krev at den Palestinske stat vert anerkjend i FN sitt tryggingsråd og av verda, med delinga frå 1967. Me tek eit standpunkt for å syne verda og Israel at det som skjer ikkje er greitt, og det oppmodar me deg og til å gjera! Gjer ein forskjell, folk forandrar verda!

Norsk Folkehjelp Askøy
John-Helge Myntevik

Nestleiar

På trykk i Askøyværingen 02.09.2014 på vegne av Norsk Folkehjelp Askøy

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar