torsdag 10. september 2015

Dagen for tanke, men mest for handling

For nokre år sidan var ein av dei største sakene på Askøy og kanskje ein av dei viktigaste sakene mine å få sikra Askøybrua. Det var ei tid der ein særs ofte endte opp med å høyre om "aksjonar på brua". Det var særs mange som engasjerte seg, og engasjementet dreide seg i hovudsak om å få sikra Askøybrua med høgare rekkverk. Det står eg fortsett for. No ser det ut til at fylkeskommunen har gått inn for å sikre brua vår, og det er bra.

Mental Helse si hjelpelinje
Men det som plagar meg mest av alt er måten politikarar og andre har snakka om dette på. Sitat som "det vert for dyrt", "dei som vil ta livet sitt, gjer det uansett" og så vidare.
Eg må berre seie at for meg så er det nok med at eitt einskild liv vert redda.
Det er verdt det om ein får stoppa eit menneskje frå å hoppa.
Det er diverre slik at mange av dei som vel å avslutta livet på denne måten, er impulsive. Det er ofte i samanheng med rus, og det er fordi dei plutseleg kjem til moglegheita. Og det er diverre ikkje berre på Askøybrua det skjer. Me bur i ei region for ikkje å seie eit land, med eksepsjonelt mange bruer. Ei kvar bru er eit potensielt utgongspunkt for suicidale.

Det er diverre slik at så lenge ein har bruer som er utsette for dette, slik at det vert snakka om i "det skjulte" så vil nok tala for menneskje som utnyttar moglegheita halda seg der dei er i dag. Så lenge dei mest utsette bruene får stå urørd, og usnakka om, vil det fortsetta å vera ein plass for å fullføra sjølvmord. Den einaste måten å få bukt med hoppinga på, er å faktisk fysisk sikra bruene, slik at ikkje det vert ein plass med høve. Det er faktisk slik at veldig mange av dei som vanlegvis prøvar å avslutta livet ved å hoppa, vil lat ver om dei vert møtt av ei hindring og må tenkje seg om. Ja, ofte er det faktisk ikkje meir som skal til.

Så er det og slik at det er faktisk ikkje sånn at det er løysinga på problemet. Den eigentlege sikringa av Askøybrua og grunnstein i sikring av alle høve for sjølvmord er faktisk å førebygge, og å vera ute tidleg. Med kunnskap, med informasjon og med hjelp. Sjølvmord og sjølvmordstankar er faktisk endå fortsett ganske tabu å snakka om i Norge. Det er faktisk ikkje lett å starta samtalar om det, og ein redd for å verta møtt med fordommar om ein skal snakka om det (uavhengig av om ein suicidal eller ikkje). Me er nødd å tørra å snakka høgt om det. I tillegg er det å satsa på lågterskeltenestene som helsesystertenesta, med lågterskel psykologtilbod og miljøterapeuter i skulen faktorar som kan vera med på å fanga opp problem før det faktisk endar i sjølvmordstankar og i verstefall sjølvmord.

Ver god mot kvarandre - hjelp kvarandre.
Viktigast av alt - klem kvarandre.

Der ligg den eigentlege sikringa av Askøybrua - der ligg grunnsteinen av sikringa av alle bruer

---------------------------------------------------------------------------

Skulle du oppleve vanskelege tider, så hugs at det alltid er lov å snakka med nokon du stolar på. Det er aldri ei byrde for dei, sjølv om det kan vera vanskeleg å høyra. Om du ikkje vil snakka med menneskjer du kjenner så kan du ta kontakt med Mental Helse på 116 123.
Er du uroleg for deg sjølv eller nokon du kjenner kan du ta kontakt med legevakta på 116 117 og om du fryktar akutt for at du eller nokon andre skal ta livet sitt - er det berre å ringa medisinsk nødtelefon 1-1-3.

Hugs å ta vare på kvarandre - snakk med kvandre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar