onsdag 11. november 2015

Nettroll - ja du!

I går hadde eg eit oppslag i lokalavisa Askøyværingen, om kor skremmande det er korleis folk ukritisk og uempatisk sjikanerar og hetsar folk på nettet. Me ser det med bloggarar som Sophie Elise, me ser det med politikarar som Knut Arild Hareide og me ser det med alle oss som tør å ta møte fordommar og rasisme i kommentarfelta.

Det er vorte sånn i kommentarfelta at det er lov å hetse og herse med oss som seier i mot. Og i det me seier i mot, har me på ein eller annan måte fråteke folk båe ytringsfridom og tankefridom - ja, til og med stempla dei som dum og rasistisk. Og ja, ofte så stemmer det, hvertfall den siste. Eg skulle ynskje det ikkje var sånn og eg skulle ynskje dei økonomiske argumenta mot flyktningar hadde ei viss legitimitet og at uroa for at Noreg skal verta eit utrygt land å bu i, hadde noko med realiteten å gjera. No skal ikkje dette innlegget handle om flyktningedebatt, men det er vanskeleg å kome utanom, då det er desse debattane som oftast fører til drittslenging og mindre gjennomtenkte, fordomsfulle kommentarar. Det er i desse debattane folk oftast "spyr ut dritt" og kjem med fullstendig udokumenterte påstandar, trusslar og mobbing. Dette er ikkje greitt!

Kjelde:
http://pappahjerte.blogg.no/1410336589_hvorfor_s_sur.html
I saka i Askøyværingen dro eg paralleller mellom krystallnattmarkeringa, 22.7 og det som foregår no. Og eg har måtte presisere her; eg veit at dei som vart drepen natta mellom 9 og 10 ande november 1938 ikkje var flyktningar, men "infødde" jødar. Men grunnlaget er fortsett det same. Hatet og rasisme vann over medmenneskjelegheit og kjærleik. Og 22.7 er verkeleg det same. Då ein mann valde å kome etter ungdom som turde å ta standpunkt - turde å ta debatten! Det er ikkje forskjell, forskjellen er berre at no er det vorte lov å gjera det.

Men kva skjedde då eg var så sjuk at eg kommenterte til lokalavisa mi? Jo, då kom det fyrst og framst mykje positiv respons og det er så kjekt. Det er kjekt når folk er semde med ein og faktisk tør å seie det høgt! Det står det respekt av. Men den andre og kanskje meir omfattande sida er alle som med ein gong kjente seg truffet. Alle som ikkje var semde med meg og som meinte at eg gjekk ut og stempla dei som rasistar. Og ja, faktisk eg gjer. For stort sett om du kjenner at han snakkar om meg, så gjer eg det. Om du faktisk meiner du har skreve noko eller sagt noko som gjer at du kjenner at dette omhandlar kanskje meg så er det faktisk sånn det kanskje er rasistisk eller ignorant.

Eg prøvde ikkje ta standpunkt om kor mange ein skulle ta i mot, om det skulle opprettast asylmottak i kommunen eller noko som helst (no er det gjerne ikkje nokon hemmelegheit kva eg meiner heller då), men i kommentarfeltet på facebook sida til Askøyværingen er debatten dreid i ei retning av kor dum eg er, og kor feil eg tek - i tillegg til at ein diskuterar på ein særs ignorant og rasistisk måte. Eg taklar det ikkje. Det er faktisk ugreit.

Det verste er faktisk ikkje kritikken ein gong, det er faktisk kven som skriv han. Når nokon ein har set på som venar faktisk der, i det offentlege rom titulerer ein som idiot og dum. Når personar som ein trudde stod ein nær faktisk er ein av dei som er ignorant, men samstundes den som går mest på person, så gjer det vondt. Og det er fleire av dei. Eg prøvar etter beste evne å halda meg unna kommentarfeltet og unngå å svare på dei mest tåpelege kommentarane, men det er ikkje lett. Eg har blokkert einskilde frå facebook for å sleppe å sjå kva for grums dei skriv, fordi det går faktisk innpå meg. Ta gjerne debatten med meg, kommenter gjerne innhaldet og kom gjerne med eigne oppslag for å seie i mot meg. Men i det du på statusen din eller i kommentarfeltet gir faen i det eg har sagt, og er meir oppteken av å prøve å få meg til å leggje meg med tårar, så hald kjeft. For det er det som skjer no. Med tårar og inga tillit til meg sjølv.

No skal eg gje meg med å vera offer, det var ikkje dette innlegget skulle handla om. Det er faktisk ikkje lett å ta ordet i det offentlege rom. Eg prøvar så godt eg kan å svara ignoranse og rasisme med fakta og ærlegdom, men av og til har eg mest lyst å be folk om å dra til helvette. Eg veit det er usakleg og særs ukorrekt, men eg klarar faktisk ikkje sleppe tanken.

Men for å runde av så er det ein ting eg kan lova. Eg skal vera nettrolla sitt verste mareritt og det vonar eg du vil vera med på og. Eg skal passa på at kvar gong eg ser ein rasistisk, ignorant, hetsande eller annan grumsete kommentar, skal eg møta han med båe saklegheit og fakta. Eg skal seie mi meining, på ein måte som seier at det ikkje er greit, og gi faen. Eg vonar me kan stå saman mot denne legitime rasismen. At me kan stå samla i kjærleik - ikkje i hatet.

Lenke til oppslaget
Lenke til saka på facebook