mandag 10. september 2012

Verdsdagen for sjølvmordsførebyggjande arbeid - På staden kvil eller framover?

I dag er verdsdagen for sjøvmordsførebyggjing. I dag er dagen for å setja fokus på dei tabuar som må brytas ned, på dei stillingane i kommunen som manglar og dei ungdomane og vaksne som møter morgonen med ei ekstra påkjenning. I dag er dagen for å setja fokus på det arbeidet som dei mange flotte menneskja kring oss gjer. Dei som sender eitt ekstra smil til alle dei som treng det, dei som gjer ein klem til ein som treng varme og til alle dei som berre må trø til å gje lattar, der det er tårer! 

I dag er dagen for å snakka ope kring psykisk helse. Båe det som handlar om ei god psykisk helse, men og spesielt om det som handlar om ei dårleg. I dag skal me sende eitt smil til alle dei menneskja der ute som slit med kvardagen. Om det handlar om ein depresjon som følger med seg sjølvskading, a-sosiale haldningar eller minska livskvalitet. Me må setja ord for og eitt øyra til alle dei som slit med eteforstyrringar. Me må diskutera korleis ein som medmenneskje og som kommune/region/stat kan hjelpa dei som slit. Korleis kan me betra systemet? Korleis kan me endra haldningane til einskild menneskje og til oss som samfunn. Kven må gå framfor. 

Den siste tida er det satt stort fokus på dette med sjølvmord og sjølvmordsførebyggjing. Spesielt her i lokalsamfunnet på Askøy. Me har stått saman for å få høgare rekkverk på brua vår. Eg synast og det er på tide at me står saman for å få betra vårt helsesystem her på Askøy. Me må betra ungdomshelsetenesta! Kva er det me må gjera? Eg meinar at det er me må gjera for å verkeleg leggja grunnsteinen for sikra askøybrua og andre bruer mot sjølvmord er å betra systemet vårt. Me må betra samordninga mellom dei forskjellige instansane, for det nytter ikkje at alle veit litt og ingen kjenner til heilheita. 

Eg meinar og at me må fremja forslag som er bevist positive for ein god psykisk helse. Tiltak tak som er førebyggjande. Som til dømes fysisk aktivitet (båe idrett, men og noko så enkelt som berre ein tur i skog og mark). Me må stå samla for å hjelpa i stadenfor å "straffa" dei som har ei ekstra utfordring i kvardagen. For i dag har me ein haldning at det vert sett ned på dei som har det hardt og syner (her til dømes med sjølvskading, "gothisk-stil" og andre utrykk som kan syne dårleg psykisk helse). Me må stå saman for dei som slit. Me må ta dei inn i eitt fellesskap som kan få dei til å kjenne seg som ein del av oss alle. 

Til slutt vil eg snakka om korleis ein kan førebyggja ved undervisning. Eg har ein visjon om at kunnskåp fører til tryggleik. Noko eg tenkjar mange deler med meg. Me må ha meir undervisning inn i skulen. Allereie i grunnskulen, kanskje til og med heilt ned i borneskulenivå. Eg meinar at born og unge ikkje skal læra om psykisk helse og sjølvmord ved at dei er vitne til sjølvmord eller menneskje som har det vondt. Dei bør verta kjend med dette i trygge omgivingar som fører til ein god helse i stadenfor. Me må få meir undervisning inn på til dømes lærarhøgskulen om psykisk hele og førebyggjande arbeid. Slik at lærarane kan tidlegare fange opp born som slit og difor har nedsett livsglede og kvalitet, før det utviklar seg så langt at dei ikkje ønskjer å leva eller at det går utover funkskjonene i kvardagane. Me må syna at folk med psykisk lidingar kan klara seg heilt fint. Sjølv klarar eg meg okei på skulen, i politikken og kvardagen generelt med diagnosen ADHD, som er ein av dei mest stigmatiserte diagnosene. Det er forventa at ein ikkje skal klara nokon ting, ein skal vera utagerande (kaste stolar kring i klasserommet til dømes). Men som det står på nettsidene om ADHD, har du møtt ein person med adhd, har du møtt ein person med adhd.

Takk for at du gadd å lesa deg gjennom dette innlegget og difor kan vera med å gjera ein forskjell fordi du mest sannsynleg er open for det! 

Helsing veldig engasjert ungdom som er lei av tabuar og fordomar kring psykisk helse!


søndag 2. september 2012

Sikre brua no - Nok er nok!

Appellen eg halde på Askøy, "aksjon for sikring av askøybrua" torsdag, 30.08.12

For meg er det viktig som medmenneskje å støtta ei sak som denne. NOK ER NOK, det er noko alle som er her er semde om. Det at me som innbyggjarar står samla, under ei sak som denne, sender eitt signal til politikarane. Eitt signal dei nesten er nødd til å ta til følge! No er det lova tiltak for sikring av brua, av fylkesordføraren, noko eg synest er positivt! No ligg resten å kviler på fylkespolitikarane og Statens Vegvesen. Det som for meg vert viktig framover er det førebyggjande arbeidet innanfor psykisk helse. Der ligg me grunnsteinen for den verkelege sikringa. 






Me må snakka meir ope kring psykisk helse, me må bryta tabuar og fremje gode tiltak som er besvist positive for ei god psykisk helse. Det må meir undervisning inn allereie i grunnskulen, ja kanskje allereie på borneskulen. Me må styrka ungdomshelsetensta, spesielt med tanke på helsesøstere, miljøterapeuter og ungdomskontaktar. Det er tross alt desse som er i miljøa der ungdomar er, spesielt med tanke på skulen. 
I tillegg meinar eg at me må ha meir opplæring av lærarar og assistentar, slik at dei tidlegare kan sjå og hjelpa dei borna som har ei ekstra utfordring i kvardag, før det går så langt at dei miste livsgleda og livslysten. Dessutan meinar eg at koordinasjonen mellom dei ulike etatane og instansen burde verta betre, med tanke på til dømes, foreldre-skule-psykolog-fastlege-helsesøster. 

Til slutt vil eg sei at me må reklamere meir for dei tenestene som er. Som til dømes helsestasjonen for ungdom. Og på Askøy har me eitt fantastisk lågterskel psykologtilbod, der ein ikkje treng nokon form for hensyning, men berre kan møta opp og sei at eg treng hjelp. Med meir reklamering og fokus på dette kan me hjelpe unge menneskje å ta kontakt med fagpersonar tidlegare. 

Eitt hopp = eitt hopp for mykje!