tirsdag 3. juni 2014

05.juni - Verdas miljødag!

Torsdag 05.juni er det verdas miljødag. Ein dag som vart stifta allereie i 1972 for å bidra til auka medvit kring miljøspørsmåla. Det ingen hemmelegheit at klimaendringane er menneskjeskapa. Det positive og det negative når noko er menneskjeskapa er at me kan redusera skaden, men det krev at politikarane og innbyggjarane tek ein tydeleg standpunkt.

I det politiske landskap har me parti som arbeidar veldig aktivt for ei betre miljøpolitikk, men der sit og politikarar og parti som ikkje ein gong anerkjenner at klimaendringane er menneskjeskapa. For SV sin del handlar mykje av miljøpolitikken om haldningsarbeid på grasrotnivå. Det handlar om kunnskapsformidling, det handlar om å gjera det ein sjølv kan for å betre miljøet.

SV ønskjer å satsa på kollektivtransport framfor nye store vegprosjekt. For oss er det viktig at dei vegane som innbyggjarane skal transportera seg på er trygge, men me ønskjer heller å ha vegar med gul midtstripe og heller satsa dei store pengane på tryggleik og kollektivtransport. SV ynskjer hyppigare bussavgangar i distrikta, me ynskjer meir hurtigbåt til byen og større satsing på tog.

SV ynskjer å dobla den statlege finansieringa til lokal kollektivtransport. Me ser nødvendigheita med eit større tilbod i distrikta dersom dei som bur skal nytta buss eller bybane. Lokalt ynskjer SV og å arbeida med hurtigbåtforbinding med Sotra og, for å danna ei slags «ringbåt».

Når ein ser dei utfordringane det er med Askøy brua i «rush-timane» i dag, er det liten tvil om kva som er løysinga. Løysinga må vera betre kollektivsatsing, slik at folk får eit reelt tilbod om å lat bilen stå. Me må satsa meir på båt over fjorden, meir på buss over brua og meir kollektiv på Askøy.

SV ønskjer å dra fokuset frå olje- og gass over på grøn energi – på grøne arbeidsplassar. I det tempoet som ein pumpar opp olje i dag, vil den maksimale grensa vera nådd om få år. Den maksimale grensa før klimaendringane ikkje er eit problem, men realitet. Ein realitet me ikkje får endra attende frå. Me må ta eit val før det er for seint – og det er no.

Torsdag 05.juni skal Askøy SV saman med SU ha markering av verdas miljødag på Kleppestø kaien. Då er du hjarteleg velkomen til å kome innom å ta ein prat, stille spørsmål og ta del i aksjonen vår.
05.juni er ein dag for å ta eit standpunkt – vårt er klart. Me har ei klode, den må me ta vare på!

John-Helge Myntevik

Askøy SV