søndag 2. september 2012

Sikre brua no - Nok er nok!

Appellen eg halde på Askøy, "aksjon for sikring av askøybrua" torsdag, 30.08.12

For meg er det viktig som medmenneskje å støtta ei sak som denne. NOK ER NOK, det er noko alle som er her er semde om. Det at me som innbyggjarar står samla, under ei sak som denne, sender eitt signal til politikarane. Eitt signal dei nesten er nødd til å ta til følge! No er det lova tiltak for sikring av brua, av fylkesordføraren, noko eg synest er positivt! No ligg resten å kviler på fylkespolitikarane og Statens Vegvesen. Det som for meg vert viktig framover er det førebyggjande arbeidet innanfor psykisk helse. Der ligg me grunnsteinen for den verkelege sikringa. 






Me må snakka meir ope kring psykisk helse, me må bryta tabuar og fremje gode tiltak som er besvist positive for ei god psykisk helse. Det må meir undervisning inn allereie i grunnskulen, ja kanskje allereie på borneskulen. Me må styrka ungdomshelsetensta, spesielt med tanke på helsesøstere, miljøterapeuter og ungdomskontaktar. Det er tross alt desse som er i miljøa der ungdomar er, spesielt med tanke på skulen. 
I tillegg meinar eg at me må ha meir opplæring av lærarar og assistentar, slik at dei tidlegare kan sjå og hjelpa dei borna som har ei ekstra utfordring i kvardag, før det går så langt at dei miste livsgleda og livslysten. Dessutan meinar eg at koordinasjonen mellom dei ulike etatane og instansen burde verta betre, med tanke på til dømes, foreldre-skule-psykolog-fastlege-helsesøster. 

Til slutt vil eg sei at me må reklamere meir for dei tenestene som er. Som til dømes helsestasjonen for ungdom. Og på Askøy har me eitt fantastisk lågterskel psykologtilbod, der ein ikkje treng nokon form for hensyning, men berre kan møta opp og sei at eg treng hjelp. Med meir reklamering og fokus på dette kan me hjelpe unge menneskje å ta kontakt med fagpersonar tidlegare. 

Eitt hopp = eitt hopp for mykje! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar