onsdag 26. desember 2012

Den økonomiske situasjonen - umogleg å gjera noko med?

13.desember 2012 vart budsjettet for Askøy kommune vedteke. Eitt budsjett som ser dystert ut. Men hadde det trengt vera så dystert? Kva er det som gjere at det er så stort sprang mellom posisjonen (Høgre, FRP og KRF) og opposisjonen sine forslag? Og sist men ikkje minst, kvifor klarar nokon å finne pengar der dei andre ikkje gjer det, og omvend. 

Posisjonen seier i sitt budsjettforslag (som vart vedteke) at dei styrkar skulen med 3.700 000 kr (slik som i Rådmannens grunnlagsdokument). Men er det styrking? Det er det kuttet er mindre enn i fjor. Så i stadenfor for å sei at skulen skal kutta 8.738.000 kr seier dei at dei har styrka med 3,7 millionar i forhold til året før. Dette er då ikkje løgn, men å snu om på "settingen" til ein "positiv" ting. AP gir 5 000 000 kr i forhold til Rådmannens forslag, slik at kuttet vert på 3,738 millionar kronar i stadenfor. Sv gir att dei 8,7 millionane + at dei styker skulen med 5 000 000. Så for å oppsumera alle dei vanskelege tala

Høgre, Framstegspartiet og KRF - kutter skulen med 8,738 millionar
Arbeidarpartiet - kutter skulen med 3,738 millionar 
Sosialistisk Venstreparti - styrkar skulen med 5 millionar kronar

Investeringsbudsjettet byr på mange utfordringar. Det legges opp til ei auking frå 2012 (181,018 millionar) til 2013 (359,6 millionar kr) altså vil aukinga vera på nesten 179 millionar kronar. Kunne noko her vore kutta i? Slik som enkelte gjer i sitt budsjett, utsetjer ein betalinga av nokon av prosjekta til lengar ut i arbeidet. Altså prosjekter som ikkje er ferdigstilte i 2013. Er dette ein måte å gjera det på? 

Om ein flyttar pengar på den måten må ein ha ei løysing på kor ein skal henta dei inn att. Alle partia er samde om at Askøy kommune har dårleg råd. Kven som er skuld i det er av ulik oppfatning, posisjonen meinar det er regjeringa si feil (sånn som alt anna som er gale), medan opposisjonen meinar det er dårleg forvalting. Det viktigaste her er at alle er samde om at kommunen sårt treng all den støtte ein kan få. 

På Askøy, blant innbyggjarane har det vore opprør for betring av systemet vårt for psykisk helse, spesielt med førebyggjande arbeid. Det er i år kome ein ny helsesøsterstilling, Arbeidarpartiet gir 500 000kr til styrking av tenesta, posisjonen gir ingenting spesifikt og SV gir pengar til fem nye stillingar i 2013 (3,5 millionar). På ei øy, med ein stor andel ungdomar, som sårt treng all den hjelp dei kan få, der det einaste tilbodet til ungdom utanom idrett er Huset som arrangerer nattope ein gong i månaden, er det viktig at dei som kan sjå dei som slit, er ute i miljøet. Det er umogleg når ei helsesyster har dobbelt så mange ho skal følgja opp enn det som er anbefalt (henviser til rapport frå kommunehelsetenesta gjeve til Utval for oppvekst og leverkår 18.06.2012). 

SV krev legg og til rette i si økonomiplan for resten av perioden med ei auking på to stillingar kvart år. Dette er ikkje meint som ein propoganda for SV, men dei har sett på nokre gode løysingar. Ein av dei kanskje beste løysingane er eigedomsskatt på bedriftar. Eigedomsskatt, skatt, meir skatt. Det høyrast grusamt ut. Men kva gjer det, jo det gjer at ein kan styrka skular, bornehagar, Pleie og omsorg, kommunehelsetensta og satsa meir på ungdomstilbod. Mange vil nok seie at det berre er tull og at næringslivet vil rømme frå øya. Kvifor det? Om ein i eitt vedtak om innføring av eigedomsskatt øremerkar desse midlane til tenestene referert over, tek med i tankane at eigedomsskatt går uavkutta til kommunen og i tillegg ser det på den måten at om me tek inn "ekstra skattar" frå bedriftane syner me at me ønskjer å ha dei her, for me er avhengige av dei, gir dei på mange måter ei forutsigbarheit om at me ønskjer dei velkomen til øya vår. Kva er då så gale med det? Det er mangen bedriftar som ønskjer å bidra til lokalsamfunnet sitt, der dei ser at dei bidrar. Alt handlar om perspektivet du set det i og måten du omtalar det på. 

Når ein er samde om at ein har for knapt med pengar, kvifor kan ein då ikkje sjå på moglegheitane som ligg framfor oss. Eitt forslag som gir oss meir pengar. Pengar me kan gi att til lokalsamfunnet, eitt tiltak som gjer at fylkesmannen gir oss meir pengar fordi me utnyttar inntektspotensialet vårt. For meg er dette eitt reelt tiltak som gir meg tryggleik om at me kan driva ei berekraftig forvalting av lokalsamfunnet me er så glade i. Som gir oss moglegheitar til å sikra eitt best mogleg arbeidsmiljø og utgongspunkt for elevane, ungdomen - vår framtid. Og samstundes gi næringslivet moglegheiten til å bidra, men og at ein syner at dei er ønskja her. Då må me gripa moglegheiten. Askøy kommune er ein av dei få kommunane i Hordaland som ikkje har eigedomsskatt, men kanskje det er på tide å endra det?

Dette er berre tankar frå hovudet mitt, men eg synast ikkje det er så galne tankar? 

Takk for at du las

John-Helge!